
Det rørte meg djupt då Stavangerfolk ga oss ståande applaus medan eg sjølv og fleire hundre andre gjekk gjennom gatene i solidaritet med det palestinske folk lørdag 22. mars. At Stavangerfolk heia oss fram medan slagorda “boikott Israel” og “fritt Palestina” joma gjennom sentrum er noko eg aldri har opplevd før. Som mangeårig forkjempar for palestinerane sine rettar, markerte lørdagens applauderte demonstrasjon i Stavanger sentrum ein folkeopinion som i langt sterkare grad enn før solidariserar seg med palestinarane. Kva tid kjem den norske regjeringa etter?
I mars så kom regjeringa med ei fraråding om å “unngå handel som bidrar til å opprettholde Israels okkupasjon av Palestina”. 2024. Etter at den internasjonale domstolen ICJ la fram si rådgjevande uttalelse juli 2024 om at Israel si okkupasjon av Gaza, Vestbredden og i Øst-Jerusalem er i strid med folkeretten, – inkludert internasjonal humanitærrett, internasjonale menneskerettar og rasediskrimineringskonvensjonen – så skjerpa regjeringa frårådinga i oktober 2024.
Det er lite som tydar på at norske bedrifter følgjer opp dette, dei gir vel stort blaffen. Men det er kanskje ikkje så rart når frårådinga tydelegvis ikkje gjeld dei som i første rekke investerer i Israels ulovlege okkupasjon av Palestina, nemleg Statens Pensjonsfond eller Oljefondet som det jo gjerne blir kalt.
Frårådinga gjeld tydelegvis heller ikkje statlege etater og verksemder eller andre offentlege instansar, som til dømes kommunane. Korfor elles er til dømes Strand kommune enda i samtaler med Green Mountain (eid av israelske Azrieli Group som har vore ein aktiv støttespelar både for okkupasjonen og den kanskje mest ekstreme sionist-organisasjonen i Israel, Im Tirtzu) om utbygging av datasenter i Jørpeland sentrum? Fleire kommunar og offentlege verksemder samarbeider med Azrieli Group gjennom Green Mountain, mellom anna ved å lagre data der.
Det er kanskje ikkje så rart at Strand kommune og andre kommunar ikkje bryr seg om oppfordringa til regjeringa, når oljefondet er den største europeiske investoren i israelske selskap knytta til dei ulovlege busettingane som FN har beordra Israel til å fjerne. Det er ikkje småtteri det er snakk om. Koalisjonen “Dont buy into occupation” (der blant anna LO, Fagforbundet, Handel og Kontor, og Norske Folkerhjelp er med) kunne i fjor haust vise at det er snakk om 220 milliarder kroner av det norske folks sparepengar. Oljefondet var versting blant 800 europeiske finansinstitusjonar.
Ei rad med norske bedrifter og offentlege etater og verksemder nyttar selskap som er på lista til Don’t Buy Into Occupation. For Oljefondet gjeld dette 42 selskap, mellom anna Siemens, Cisco Systems, Caterpillar, Heidelberg og israelske Bank Leumi, som direkte bidrar til finansiering av nye busettingar på okkuperte palestinske områder. Halvparten av selskapa på lista er på FN si «svarteliste».
I ord har den norske regjeringa vore langt skarpare og tydelegare enn sine europeiske allierte. Og det var bra at Norge anerkjente Palestina som stat, slik det store fleirtalet av FN sine medlemsland har gjort. Av regjeringa sine europeiske allierte er det imidlertid bare Irland og Spania som har gjort det same.
Men i handlingar som verkeleg kunne ha hatt betydning for å legge press på Israel så har ein vore fullstendig passiv. I intervjuet som Yuma Wolasmal for kort tid sidan gjorde med statsminister Støre, så kom handlingsvegringa knytta til å stanse Oljefondet si sponsing av folkerettsbrot og folkemord tydeleg fram.
Her sa Støre nærast at Norge ikkje kan føre eigen politikk på dette området, men må følgje dobbeltmoralen til våre allierte (mi tolking av statsministeren sine svar på korfor ein sanksjonerer Russland sine folkerettsbrot men ikkje Israel sine).
Videoen av den ståande applausen frå publikum under demonstrasjonen lørdag har gått viralt og har fleire millionar visningar til saman på ulike plattformar. Oppi fortvilelsen og sinnet over det grusomme folkemordet me er vitne til gjer det meg stolt at me kan vise slike bilder av solidaritet med det palestinske folket frå Stavanger. Men eg er samstundes både flau og sint over vår regjering og vestlege regjeringar si dobbeltmoral og tilrettelegging for dette folkemordet.
Då podcastvert, filmskapar og palestiner, Rania Iraki, stilte opp i NRKs debatten onsdag 19. mars og lurte på korfor ho, og andre borgerar i dette landet, må bidra med 60 000 gjennom oljefondet, i det israelske forsøket på å utsletta hennar eiget folk, var det ingen frå finansdeprtamentet, som styrer oljefondet, til å svare henne. Som nordmann er det pinleg at ein finansminister ikkje vil stå til ansvar.
I mandat for forvaltninga av oljefondet så står det mellom anna at forvaltninga skal vere «i tråd med internasjonalt anerkjente prinsipper og standarder som FNs Global Compact, FNs veiledende prinsipper for næringsliv og menneskerettigheter (UNGP), G20/OECDs retningslinjer for selskapsstyring og OECDs retningslinjer for flernasjonale selskaper.»
I kommentarane til UNGP heiter det mellom anna: «Where a business enterprise is controlled by the State or where its acts can be attributed otherwise to the State, an abuse of human rights by the business enterprise may entail a violation of the State’s own international law obligations. Moreover, the closer a business enterprise is to the State, or the more it relies on statutory authority or taxpayer support, the stronger the State’s policy rationale becomes for ensuring that the enterprise respects human rights.» For meg er det uforståeleg at ein kan hevde at forvaltninga av oljefondet følgjer prinsippa i UNGP.
Me kan ikkje lenger finne oss i at norske innbyggarar sine skattepengar og verdier går til å finansiere folkemord og grove folkerettsbrot. Eg vil oppfordre alle parti og ungdomsorganisasjonar til å følgje opp applausen frå gata og legge press på sine partileiingar så me kan se framtidige generasjonar i augene og seie at me gjorde det som stod i vår makt til å hindre desse grusomheitene.
For dei som nå skal på Arbeiderpartiet sitt landsmøte så har de nå sjansen til å vise at de ønskar å handle for å stoppe folkemord og folkerettsbrot – ikkje bare når det er Russland som begår dei. Sørg for vedtak som tydeleg seier frå at oljefondet må ut av israelske selskap og andre selskap som bidrar til folkemordet og folkerettsbrota nå!